Innbyggarkartlegginga er sendt ut

I dagane som kjem vil 1138 personar over 18 år i Årdal motta brev med spørsmål om kommunen.

  • 1
  • 2
  • 3

Undersøkinga er bygd opp så alle svar er anonyme og i tråd med Datatilsynet sine reglar for personvern.

Me ynskjer å få tilbakemelding på erfaringar og synspunkt om tenestene me tilbyr, og me vil vite kva innbyggarane våre meiner om kommunen som plass å bu og om korleis lokaldemokratiet fungerer. 

Det følgjer med svarkonvolutt som du kan sende skjemaet i retur med, men me oppmodar flest mogleg til å levere undersøkinga elektronisk.

Årdal bibliotek har maskiner tilgjengleg dersom du ikkje har tilgang til det sjølv.

Tips ein ven Skriv ut