Informasjonsmøte om handtering av naturskader
Felles Landbrukskontor ÅLA har fått i oppdrag å invitera til ope møte med tema handtering av naturskade.
Møte vert på rådhuset i Aurland måndag 3. november 2014 kl 18.00.
Med på møte vert mellom anna seksjonssjef Gunn Eide frå Landbruksdirektoratet. Ho har spisskompetanse frå handtering av naturkatastrofar i Noreg.
I tillegg kjem representant frå;
• Norsk naturskadepool
• Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
• Politiet
• Aurland kommune
• Lærdal kommune
På møte vert det orientering om gjeldande rutinar og reglar for korleis og kor dei som er ramma av naturkatastrofar kan få hjelp.
Det vert høve til å stilla spørsmål til dei frammøtte i plenum og kvar for seg.