A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Informasjon om tiltak/graving på Moa

Årdal Energi startar arbeidet måndag 25.02.2019. Lågspentlinjer og kablar for veglys skal leggast ned i bakken. Varigheiteten av prosjektet vil vere til April.
I denne perioden vil det bli noko anleggstøy. Normal arbeidstid er frå kl. 07.00 til kl. 15.30.
Ferdsel i området i annlegstida: I anleggsperioden vil det ikkje vere tilrådeleg å ferdast med motorkøyretøy i området eller parkere bilar, då dette vil hindra fri ferdsel for anleggsmaskiner og anna utstyr. Ein vil derfor oppmode om at bebuarar ikkje ferdast eller parkera bilane i området i den perioden arbeidet varer. Det vert laga til gangbruer til husstandar og parkering kan skje på plassar som vist på kart under.

Som ledd i Årdal Energi sin vedlikehalds/utskiftingsplan vil det i Februar bli sett i gang graving frå Trafokiosk K161 på Moa og fram til siste stolpe 2307. Sjå nærare orientering om prosjektet nedanfor.

Utkopling
Dersom det i løpet av anleggsperioden oppstår behov for mellombels å kople ut delar av nettet, vil dei abonnentar som vert råka av dette bli varsla særskilt eller gjennom media i rimeleg tid på førehand.

Om prosjektet
Grunnen til gjennomføringa av prosjektet er at Årdals nett skal bygge ut fiber i området. Årdal Energi ønskjer i samband med dette å fjerna eksisterande luftleidningsnett og legge alt i bakken.
Årdal Energi oppmodar derfor at dei som blir berørte, vurderar å skifte/oppgradera hovudinntaka sine i samband med denne omlegginga. Årdal Energi vil i samband med ombygginga ikkje belaste kundane for eventuelle til og frå kopling av inntakskabel. Kunden er sjølv ansvarlig for å grave ned ny inntakskabel på eiga tomt.

Kartutsnittet under syner kvar grøfter er planlagt. Grøfter og kabel er rød strekar.
Moa - graving.png

Kartutsnittet under syner kvar grøfter er planlagt, parkeringar i arbeidsperioden. Dei grøne pilene syner kvar det er planlagt gangbruer for tilkomst til bu einingar.

Moa - graving 1.png

Tips ein ven Skriv ut