Informasjon om opning av barnehagane i Årdal

Barnehender_225x106

Dei siste vekene har vore ei spesiell og usikker tid for dei fleste. Kanskje spesielt for dei aller minste av oss. Det er difor gledeleg å sjå at regjeringa ser det som trygt å opne opp att barnehagar og skular.

Barnehagane i Årdal opnar att 20.april. Informasjon om opningstida vil verte varsla frå barnehagane til føresette.
 
Her finn du nasjonal rettleiar, som legg føringar for drifta frå måndag. Informasjon til foreldre finn du her, og her kan du sjå  to korte informasjonsfilmar. Lokal informasjon er under utarbeiding.
 
Årdal kommune forheld seg til nasjonale fakta, råd og tiltak.
 
Gode rutinar og smitteverntiltak
Rettleiaren som vart lagt fram av nasjonale helsemyndigheiter onsdag 15. april gir tydelege føringar på korleis barnehagedrifta kan gjennomførast, medan det vert teke omsyn til smittevern i den praktiske kvardagen. Her er nokon av tiltaka som vert sett i gang når barnehagane startar opp att:
 
Tilsette får opplæring i smittevern
Handvask er som alltid viktig
Nye rutinar ved sjukdom
Nye rutinar ved henting og leverving vert innført
Kontakt mellom dei ulike gruppene vert redusert
Det vert innført strengare reinhaldsrutinar
 
Om du har spørsmål stiller du dei direkte til styrar den barnehagen du nyttar.