A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Informasjon om nye byggereglar frå 1. juli 2015

Frå 1. juli 2015 tek ny byggesaksforskrift til å gjelda. Det blir da mogleg å bygge fleire tiltak utan søknad.

OBS; her er premissa:
•    Du har sjølv ansvar for at arealplan og reguleringsplan blir følgt. T.d kan det stå noko anna om garasjestorleik i reguleringsplanen som gjeld for eigedomen din enn maksimal storleik på 50 m2. Om du da bygger ein garasje på 50 m2 utan å søke, har du brote lova og bygd ulovleg. Dette følgjer vi opp.
•    Det du bygger må ikkje vere er i strid med plan- og bygningslova med forskrifter eller anna regelverk som t.d veglova.
•    Du kan heller ikkje plassere bygg over vatn- og avløpsleidningar.
•    Du må gi beskjed til oss etter at du er ferdig slik at vi kan oppdatere kartgrunnlaget vårt.

Her finn du detaljar om kva du etter 1. juli kan bygge utan å søke:
Byggeregler nyheiter

 

Tips ein ven Skriv ut