Informasjon om motorferdsel i utmark

Felles Landbrukskontor ÅLA forvaltar lov og forskrift for kommunane Årdal, Lærdal og Aurland.



Alle vedtak er heimla i Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag eller Forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag.


Generelt om motorferdsel i utmark:
Motorferdsel i utmark er i utgangspunktet forbode, og regulert i Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag. Det kan gjevast dispensasjon til naudsynt ferdsel til nytteformål. 
•    "Motorferdsel" omfattar alle typar motordrivne framkomstmiddel.
•    "Utmark" er areal utanfor innmark, der stølsområde, kulturbeite, skogplantefelt, og skogsvegar som ikkje er opparbeidd for bil er døme på areal som vert rekna som utmark etter motorferdselslova. Snødekt opparbeidd veg som ikkje er brøyta, er å rekna som utmark.
•    Motorferdsel i utmark er delt i barmark og snødekke. Reglane for motorferdsel i utmark på snødekke er mindre strenge enn på barmark då det gir mindre varige spor i terrenget.

Nokre døme på køyring på snødekt mark som er lov i med medhald av lov eller forskrift:
•    Transport av material, utstyr og arbeidsfolk ved bygging i samsvar med byggeløyve. (Køyring i samband med vanleg vedlikehald gjeld ikkje her). Forskrifta §3 1.ledd d
•    Naudsynt person og godstransport i jordbruks-, skogbruks,- eller reindriftsnæring (jakt, fangst, fiske og bærplukking vert ikkje rekna som næring i denne samanheng). Verksemda må ha ei reel næringsmessig omfang og inntektsgrunnlag knytt til formålet med køyringa. T.d. treng snøscootertransport til stølar/hytter i utmark dispensasjon, dersom det ikkje er aktiv landbruksdrift på eigedomen det vert køyrd til/på. Lova § 4 1.ledd c
•    Naudsynt transport av ved frå eigen eigedom til fast bopel (hytta er ikkje fast bopel). Gjeld kun for faste bustadar som ikkje er knytt til køyrbar bilveg/bane. Det er kun køyring mellom bustaden og endepunktet for vegen/bana som er unnateke. Lova § 4 1.ledd c
•    Anlegg og drift av offentlege vegar og anlegg. Lova § 4 1.ledd e
•    Opparbeiding og preparering av skiløyper og skibakkar for ålmenta og for konkurransar, når det skjer i regi av kommunen, hjelpekorps, idrettslag, turlag eller turistbedrifter. Forskrifta §3 1.ledd e
•    Politi, ambulanse, redningsteneste, offentleg oppsyn m.m. Lova § 4 1.ledd a

Kommunane kan gje dispensasjon til motorferdsel i utmark etter skriftleg søknad. Her er nokre døme på køyring som kan få dispensasjon etter søknad: 
•    Ervervsmessig transport Forskrifta §5 a
•    Transport for funksjonshemma Forskrifta §5 b
•    Transport av bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte som ligg minst 2,5 km frå veg, når det i området ikkje er mogeleg å få leigd transport Forskrifta §5 c
•    Transport av ved, t.d. frå eigen eigedom til anna næraste lastestad, for transport heim til fast bustad. T.d. vidare transport på offentleg veg til fast bupel. Transport av ved frå anna eigedom etter avtale om uttak av ved med eigar av «anna eigedom» Forskrifta §5 e

Sjå til at søknadane er:
•    Utfyllande med formål og søknad etter rett §
•    Kart med innteikna køyrerute og/eller avmerka landingsplass for helikopter
•    Søkje i god tid før køyring/landing – «god tid» er definert i desse sakene som om lag 1 mnd
•    Opp gje tidspunkt for køyringa 
•    Det er hytteeigar som må søkje om disp. etter §5c

Sjølv om kommunen har gjeve dispensasjon til motorferdsel, innskrenkar ikkje det grunneigar og brukar sin rett til å forby eller avgrensa motorferdsel på sin eigedom, jf § 10 i lova. Grunneigar sitt samtykkje for motorferdsla må vere i orden før køyring/landing finn stad. 

Klage på kommunalt vedtak i medhald av lov og forskrift som ikkje vert imøtekomme, vert sendt til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til avgjerd.

Søknader som gjeld motorferdsel innanfor verneområda må handsamast etter verneforskrifta. Slike søknadar må fyrst avgjerast av Verneområdestyret for verneområde, før søknad vert handsama i kommunen.

Leigekøyring i Årdal, Lærdal og Aurland

Årdal:
I tidsrommet 2014, 2015 og 2016 har Årdal kommune tildelt fire løyve for ervervsmessig transport med snøscooter.
Fylgjande har løyva:
•    Sletterust Fjellservice AS v.Ole Ø Vee: leigekøyring i Sletterustområde 
•    Idrettslaget Jotun v.Anders S Hestetun: leigekøyring i områda ved Fardal 
•    Årdalstangen idrettslag v. Ivar Jevnaker: løypekøyring og leigekøyring i fjellområda Offerdalen og Seimsdalen. 
•    Norsk Folkehjelp: leigekøyring i Årdal kommune 

Lærdal:
I tidsrommet 2016-2018 har Lærdal kommune tildelt tre løyve for ervervsmessig transport med snøscooter.
Fylgjande har løyva:
•    Ole Magne Skårheim, 6888 Borgund - telefon: 92 03 60 15
•    Oddmund Einemo, 6888 Borgund - telefon: 90 57 29 38
•    Lærdal Rødekors, Hjelpekorpset - telefon: 94 27 79 52

Aurland:
I tidsrommet 2015-2018 har Aurland kommune tildelt eit løyve for ervervsmessig transport med snøscooter.
•    Nesbø transport og service v. Morten Nesbø: leigekøyring i område Vatnahalsen, Reinunga og Kleven
I Aurland kommune er det eit regulert område for køyring med snøscooter. Dette område er det medlemane i Aurland Snøscooterklubb som disponerer etter gjeldande reglar.

Me gjer merksam på at alle tre kommunane har eigne lokale retningsliner for motorferdsel i utmark. Sjå kommunen si heimeside under landbruk. 

Handheving og kontroll
Politiet, Statens naturoppsyn og Fjelloppsynet fører kontroll med at Lov om motorisert ferdsle i utmark og vassdrag og Forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag, vert overhalde. Alle som utøver motorisert ferdsle i utmark plikter å la seg kontrollera, og skal på staden kunne syne fram alle dokument som er påbode å ha med under køyringa. I 2016 er det sett av meir ressursar til kontrollarbeid.

For spørsmål, ta kontakt.

Felles Landbrukskontor ÅLA

Tips ein ven Skriv ut