A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Informasjon om innføring av e-resept

Legekontora i Årdal kommune vil ikkje kunne ta i bruk e-resept før i slutten av mai månad 2013.

E-resept er snart innført i heile Noreg.
Tysdag 5. februar startar dei siste tre fylka: Sogn og Fjordane, Oppland og Hedmark.

Legekontora i Årdal kommune vil ikkje kunne ta i bruk e-resept før i slutten av mai månad 2013. Det er planlagt installering av ny programvare i mai 2013. Kontora vil då vere klare for bruk av resept.

Auka sikkerheit
At e-resept snart er innført i heile landet, er eit løft for pasientsikkerheita. E-resept gir nedgang i fara for feilmedisinering, feilutlevering og uheldeg kombinasjon av legemiddel, seier avdelingsdirektør Anne-Lise Härter i Helsedirektoratet.
E-resept gjer også kvardagen enklare for befolkninga, legar, apotek og bandasjistar. Fordi apotek og bandasjistar hentar resepten frå ein sentral database, er det vesentleg vanskelegare å forfalske ein e-resept enn ein papirresept.
Med e-resept lanserast ei ny sjølvbetjeningsteneste på nett: Mine reseptar.
Ho gir god oversikt over gyldige e-reseptar. Ein kan også få oversikt ved å be om utskrift på apoteket eller hos legen.

Fakta om e-resept
• Alle apotek og dei fleste bandasjistar kan ekspedere e-reseptar.
• Apotek og bandasjistar ekspederer også gyldige papirreseptar.
• Legen sender resepten elektronisk til ein sentral database: Reseptformidlaren.
• Du får vara utlevert ved å oppgi fødselsnummer eller namn og fødselsdato.
• Helsedirektoratet har leia prosessen med nasjonal innføring av e-resept, i samarbeid med Apotekforeininga, apotekkjeidane og IT-leverandørar.
• Dei regionale helseføretaka arbeidar for at også sjukehuslegar skal kunne ta i bruk e-resept.

For tida går det ein pilot ved Haukland sjukehus, og Helse Vest har bestemt at dei skal innføre e-resept i heile regionen. Helse Nord planlegg pilot til hausten og innføring i 2014. Meir informasjon finn du på eresept.no og helsenorge.no

Tips ein ven Skriv ut