A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Informasjon om byggeprosjekt

Seimsdal sjukeheim
Seimsdal sjukeheim skal utvidast med 30 nye sjukeheimsplassar. Det er no lagt ut anbud som totalentreprise på Doffinbasen til byggesteg 2.

Dersom alt går etter planen vil me få inn tilbod frå interesserte entreprenørar i løpet av august månad, og me kan kome i gang med noko av grunnarbeidet før vinteren kjem.  Dersom vinteren vert kald, vert det nok ikkje  full byggeaktivitet  før til våren att, etter at tela er reist i bakken.

Samfunnshuset Øvre Årdal
Arbeidet med renoveringa av storsalen går etter planen, og går no inn i ein sluttfase. Himlingar med nye tekniske anlegg som varme,  lys, og ventilasjon er på plass, og  maling og  golvlegging vert ferdig til 1. juli.
I heile juli vert det arbeidd med å montere ny amfi med ca. 300 nye sitjeplassar.

Frå ca 1. september vert nytt sceneteknisk anlegg og lyd montert og prøvekøyrt. Etter ferien vert òg ungdomsklubben i kjellaren ferdigstilt. 

Som tidlegare meldt, vert det ei opning av den nye storsalen og ungdomsklubben frå 15. oktober d.å.


Harald Stadheim
Prosjekt- og byggeleiar

Tips ein ven Skriv ut