A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Informasjon frå vaksenopplæringa

vaksenopplering

Vaksenopplæringa er på lik linje med dei andre utdanningsinstitusjonane stengt. Det er difor ikkje opplæring med oppmøte på skulen og dei tilsette er ikkje tilstades.

Administrasjon og lærarar har heimekontor, og vil vere tilgjengeleg for alle elevar/flyktningar, men kommunikasjon og samarbeid føregår digitalt, pr. telefon og epost.

Vaksenopplæringa held seg til råd og reglar frå helsemyndigheitene, kriseleiinga Årdal kommune, samt retningslinjer frå Utdanningsdirektoratet og Kompetanse Norge.
Trass påbod om stenging, skal Vaksenopplæringa sørge for at alle elevar får opplæring. Lærar sikrar derfor at alle elevar har tilstrekkeleg pedagogisk opplegg i denne peioden.

Det er ein ny og krevjande situasjon å legge til rette for individuell læring i eigen heim, men alt er mogeleg med godt samarbeid. Vaksenopplæringa har digitale læringsplattformer og læreverk, slik at arbeidet framleis skal vere prega av profesjonalitet. Målet er læring og utvikling.

Korleis koronasituasjon påverkar prøveavviklingar, eksamen, standpunktkarakterar, kompetansebevis og vitnemål er førebels uvisst. Ny informasjon vert publisert så fort det føreligg frå kunnskaps- og integreringsministaren.

Ønskjer de ytterlegare informasjon eller har spørsmål så ta kontakt. Vi er tilgjengeleg på telefon alle kvardagar frå kl. 07.30-15.30.

Rektor Veronika Bjørnerud: e-post veronika.bjornerud@ardal.kommune.no  telefon 992 97 763

Undervisningsinspektør Irene Klingenberg: e-post irene.klingenberg@ardal.kommune.no  telefon 913 47 505