A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Informasjon frå Sogn og Fjordane teater

Teater i Årdal våren 2013

Vi har fått inn bestillingar på teaterstykker i Årdal i regi av Sogn og Fjordane teater. Til våren kan vi glede oss til å nyte musikal frå scena i kulturhuset.

My Fair Lady goes Sogn og Fjordane kjem til Øvre Årdal 9 april.

I omtalen av stykket står det:
I denne nyskrivne musikalske komedien møter vi Lise Mindresen, ei bortskjemt jente frå Oslo Vest som blir tvungen til å flytte til Framdalen, ei lita bygd i Sogn og Fjordane, etter at den styrtrike far hennar, Albert Mindresen, har gått konkurs.
Lise med sine snobbete vanar blir fort til irritasjon for lokalbefolkninga, og ein dag møter ho Henrik Heggen og Sydvest Lommeheim som inngår eit veddemål om å få skikk på henne. Ho skal lære seg framdalsdialekt og det så bra at ho på eit slektsstemne blir teken for å vere ein innfødd!
Lise, som ikkje orkar å bu i lag med far sin på eit nedlagt småbruk utan innlagt straum og vatn, går med på veddemålet mot at ho får ein annan stad å bu. Lise er ei bestemt ung dame og syns framdalsdialekta er noko herk. Den vesle bygda går ei ny tid i møte med irritasjon, sjalusi, kjærleik og hat.

Vi gledar oss.

Tips ein ven Skriv ut