A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Informasjon frå legekontoret

Lege1

Legekontoret har i samband med Koronapandemien lagt om drifta si på legekontoret og omlegginga vil vare førebels fram til 1 juni. 

Kommunen skal som følge av koronapandemien sikre minst mogleg smittespreiing, og me er pålagde å organisere arbeidet slik at me reduserer smittefaren.
Det har ført til ei omlegging av drifta ved legekontoret.

For å unngå at personar som kan spreie smitte kjem i resepsjonsluka, ber me om at de først tek kontakt med oss på telefonen.
Fastlegane har færre timar til sine pasientar, noko som fører til utsetting av rutine kontrollar.

Blodprøvar vert tekne etter avtale.

Ta kontakt på telefon 5766 5390.