Telefon 57 66 50 00
Fax 57 66 50 15
Kontaktperson
Johannes Henrik Myrmel
Besøksadresse:
Rådhuset
Statsråd Evensensveg 4
6885 Årdalstangen
Postadresse:
Årdal kommune
Postboks 40
6881 Årdalstangen
postmottak@ardal.kommune.no
Er du berørd av ei utbygging eller ønskjer du sjølv å setta i gang med eit utbyggingstiltak, finn du informasjon om framgangsmåtar og ulike plantypar her. Sjå også kommunen sitt planregister .
Styrande for kommunen sitt planarbeid er plandelen av plan- og bygningsloven som er gjeldande frå 1. juli 2009.
Arealplanlegging
Den enkelte eigedom kan vere omfatta av fleire arealplankategoriar, alle etter ny plan- og bygningslov
Kommuneplanen sin arealdel
er kommunen sitt overordna styringsdokument og gir ramme for utvikling av kommunen og forvaltning av arealressursane. Kommuneplanen sin arealdelen er ein del av kommunen sitt langsiktige planarbeid. Kommuneplanen sin arealdel er rettsleg bindande for alle arbeid og tiltak som blir omfatta av lova. Det betyr at grunneigarar, heimelshavarar og styresmaktene er juridisk bunden av planen.
Kommuneplanen sin arealdel skal samordne viktige behov for vern og utbygging, slik at det blir enklare å utarbeide meir detaljerte planer og raskare å fatte vedtak i enkeltsaker i tråd med kommunale mål og nasjonal arealpolitikk.
Arealdelen i Årdal kommune består i dag av 9 soneplanar/kommunedelplanar som kvar består av eit kart med føresegner for bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgivnader i heile kommunen.
Årdal kommune skal i 2011 starte opp arbeid med å lage ein ny arealdel og lovgrunnlaget for kommuneplanen sin arealdel fins i kap.11 i plan- og bygningslova.
Kommunedelplanar
er overordna planar for eit større område innanfor kommunen, der det er behov for ein større detaljering i høve arealbruk enn det som blir avklart gjennom arealdelen til kommuneplanen. Kommunedelplanar kan også vere temaplanar som til dømes energi- og klimaplanen. Temaplanane er ikkje juridisk bindande.
Bestemmelsane for kommunedelplan finst i § 11-5 i plan- og bygningslova.
Reguleringsplanar
er detaljerte planar med tilhøyrande føresegner som regulerer bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgivnader, for bestemte område i kommunen. Planane kan omfatte eit eller fleire formål.
Det er etter ny lov to typer reguleringsplanar - områderegulering og detaljregulering. Områderegulering blir brukt av kommunen der det er behov for meir områdevise avklaringer av arealbruken. Private aktørar har rett til å fremje framlegg til detaljregulering. Eit krav etter lova er at private aktørar og kommunen skal ha eit oppstartsmøte for å avklare problemstillingar knytt til planen og eventuelt behov for konsekvensutgreiing (KU).
Vedteken reguleringsplan gir rettsgrunnlag for gjennomføring av tiltak og utbygging, og eventuelt ekspropriasjon.
Føresegnene om reguleringsplanar finst i kap. 12 i plan- og bygningslova.
Reguleringsplan og utbyggingsplan
er plantypar etter gamal plan- og bygningslov. Planar etter både ny og gamal plan- og bygningslov vil forsette å eksistere side ved side inntil ein plan blir oppheva ved vedtak eller blir erstatta av ny plan.
Publisert: fredag 17. september 2010, 14:46
Oppdatert: tysdag 15. mars 2011, 09:08
Telefon 57 66 50 00
Fax 57 66 50 15
Kontaktperson
Johannes Henrik Myrmel
Besøksadresse:
Rådhuset
Statsråd Evensensveg 4
6885 Årdalstangen
Postadresse:
Årdal kommune
Postboks 40
6881 Årdalstangen
postmottak@ardal.kommune.no
