Utvalet handsamar saker som vedkjem:
- grunnskular
- barnehagar
- fritidstilbod for born og ungdom
- lag og organisasjonar
- PPT
- musikk og kulturskule
- kultursaker
Utvalet skal gje innstilling til formannskapet i plansaker og saker som gjeld overordna retningsliner/regelverk.
Døme på dette er:
- Strategi for grunnskulen i Årdal kommune
- plan for barnehagane
- kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet
- andre overordna planar og retningsliner
Felles for dei politiske utvala er:
- vedteke budsjett er ramma for utvala sitt arbeid
- utvala skal til vanleg ikkje handsame saker som er av rein driftsmessig karakter
- utvala skal ikkje handsame saker som gjeld søknader om tilleggsløyving. Desse sakene skal gå til formannskapet.
- dersom det er tvil om ei sak skal handsamast av eit utval, tek rådmannen avgjerd i samråd med ordførar
- utvala overtek som politisk styringsgruppe for prosjekt innanfor utvalet sitt ansvarsområde
Utvalet for barnehage, skule og kultur skal ha 6 medlemer, 2 medlemer frå formannskapet. Dei andre medlemene skal vere faste medlemer i kommunestyret.