A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Helse og omsorg/Helse/Legekontor/Time- og reseptbestilling

Bestill time av fastlege

Du er no på Årdal legekontor si side for time og reseptbestilling hjå fastlegen din.


Legetime kan kun bestillast av den du har som fastlege evt. turnuslege. Du kan òg bestille reseptar på dine faste medisinar. Oversikt over e-reseptane dine finn du på www.helsenorge.no. Ved avbestilling av time må du ta kontakt med legekontoret seinast 24 timar før for å unngå at time vert fakturert.

Ver merksam på at heile innholdet i meldingen blir automatisk lagra i journalen din, det same gjeld svar tilbake.

Registrering første gong:

  • Gå inn på www.besoklegen.no og opprett deg som brukar ved å velgje ny brukar. 
  • Registrer opplysningar - NB! mobiltelefonnummeret må vere registrert i journalen din for å få løysinga aktiv, ta kontakt med legekontoret.                           

Tenesta er gratis, men du må betale kr. 1 for eingongspassord til mobil. Om du ikkje mottek SMS kan mobilabonnementet ditt vere sperra for kostnadsbelagde SMS-tenester.

Bestill time på mobilen med Mobilapp CGM Legetime

Ved seinare bruk:

  • Gå inn på www.besoklegen.no
  • Velg Årdal legekontor
  • Logg inn med fødselsnummer og passord
  • Dette produserer melding til mobilen din med eingongspassord
  • Legg inn eingongspassord og ePortal er klar for bruk. 

Meir informasjon og hjelp finn du på Hjelpesenteret.

Tips ein ven Skriv ut