Utladalen:
Årdal kommune har opparbeid kommunale festetomter på Temmersletti i Utladalen, Øvre Årdal.
Det er ulik storleik på festetomtane.
Refusjon for opparbeiding av veg, vatn og kloakk er sett til kr 160,- pr m2.
Døme: kr 112.000,- for ei tomt på 700 m2.
Kart over ledige tomter på Temmersletti
Reguleringsplan for Temmersletti
Seimsdalen:
Årdal kommune opparbeidde i 1987-89 bustadfeltet Seimshagane i Seimsdalen med 104 bustadtomter.
Det er ulik storleik på festetomtane.
Refusjon for opparbeiding av veg, vatn og kloakk er sett til kr 120,- pr m2.
Kart over ledige tomter i Seimshagane
Reguleringsplan for Seimshagane
Oversiktskart Seimsdalen, bustadfeltet er merka med gul farge
Prisen dekker opparbeiding av veg, vatn og kloakk.
I tillegg kjem, for begge områda, kostnader med:
- Tilknytning av vatn/kloakk
- Oppmåling av tomt, kartforretning
- Tinglysing av festeavtale og målebrev
- Byggegebyr
- Årleg festeavgift
Tomten kan løysast inn etter 10 år.
Eventuelle avgifter knytt til el-tilkobling, ta kontakt med Årdal Energi KF tlf. 57 64 86 00.
For nærare informasjon om tomt eller reguleringsplan, ta kontakt med Trude Johnsgaard tlf. 57 66 51 18.