|
Startside>>


 |
 |
 |
|
Friluftsbada
|
| |
Avdelingsleiar: Arne Hovland
Telefon: 57 66 53 71/906 36 002 Sentralbord: 57 66 50 00
epost: postmottak@ardal.kommune.no epost: arne.hovland@ardal.kommune.no
Årdal Kommune har 2 friluftsbad. Friluftsbada har alltid vore viktige for kommunen sine innbyggjarar og tilreisande. Årdal kommune har bl.a. vore arrangør av NM i symjing. Begge friluftsbada held ein temperatur på ca. 28 grader, og er oppvarma med spillvarme frå Hydro Aluminium as, og er opne heile sommaren.
Øvre Årdal: I Øvre Årdal er det lagt til rette med eit 50 x 25-meters basseng,samt 2 mindre plaskebasseng for born. Anlegget inneheld også 2 sklier, kiosk, garderobeanlegg og større grøntareale for leikeaktivitetar. Anlegget ligg i sentrum av Øvre Årdal i tilknyting til idretts – og folkeparken. Vatnet kjem frå Hydro Aluminium, og er oppvarma til om lag 28 grader. Rundt bassenga er det eit stort grøntanlegg, og anlegget ligg i tilknytning til idrettsparken med gode parkeringsmoglegheiter. |
 |
 |
Årdalstangen: Anlegget på Årdalstangen inneheld eit 25 meters basseng m/ stupetårn og 2 mindre plaskebasseng for born, garderobeanlegg og med nærleik til kiosk/butikk. Anlegget ligg i sentrum av Årdalstangen i eit område med grøntareale. |
Prisar i friluftsbada:
Vaksenbillett: kr 40,-
Barnebillett: kr 20,-
Klyppekort vaksen, 20 klypp: kr 400,-
Klyppekort barn, 20 klypp: kr 200,-
|
| |
|
Forfattar: Haug, Ellen Marie Sist endra: 03.06.2009 |
| |
Utskriftsvenleg versjon
Tips ein ven
Tilbake |
|
| |
|
|