Er du på utkikk etter jobb i Årdal? Den kommunale verksemda er den største og mest varierte serviceorganisasjonen i kommunen. Årdal kommune har i dag omlag 600 fast tilsette innanfor viktige tenester som skule, helse, barnehage, omsorg, kultur og ulike tekniske tenester.
Årdal kommune er ei mangfaldig verksemd med ulike arbeidsstader og yrkesgrupper. Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver byr på ein spennande kvardag for dei tilsette.
Vi ynskjer oss medarbeidarar som har gode samarbeidsevner, har vilje til å ”stå på” og eigenskapar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø. Årdal kommune har eiga bedriftshytte for tilsette, gode høve for etter- og vidareutdanning og gunstige stipendordningar.
Alle søkjarar må nytte vårt elektroniske søknadsskjema!
Dersom du treng hjelp til registreringa eller ein pc du kan bruke, så ta turen innom Tenestetorget.
Merk:
Viss du er førstegangssøkjar må du registrere deg for å få opprette brukarnamn og passord. Er du tilsett i kommunen eller har vore tilsett tidlegare så bruk "glemt passord" eller ta kontakt med personalstaben.