- Dette er eit reint transportprodukt retta mot passasjerar på turistbussar som elles hadde nytta den stengte E16 Gudvangatunnelen. Båten køyrer fire gonger kvar veg, seier Nils Magne Slinde – som er Statens vegvesen sin avdelingsdirektør for Sogn og Fjordane.

Slik vert rutetidene for hurtigbåten:

Frå Flåm:

Frå Gudvangen:

08:30

10:00

11:30

13:00

15:30

MERKNAD: Anløp Aurland 15:40 måndag-fredag

17:00

18:30

20:00

Hurtigbåtruta vert dreven av Norled AS, som set inn ein hurtigbåt med kapasitet på 147 passasjerar.

Ruta vert eit reint transportprodukt utan servering og guiding. Betaling og billettering skjer om bord i båten. Takstane er 80 kroner for vaksne og 40 kroner for barn, som er i samsvar med riksregulativet for ferjer på tilsvarande strekning.

Reservasjon av plassar skjer direkte med hurtigbåten på telefon 916 81 230.

E16 Gudvangatunnelen vart stengt 5. august etter at brann i eit vogntog. Tunnelen fekk omfattande skadar. Statens vegvesen reknar med at tunnelen vert open for vanleg trafikk i slutten av veke 36.

Statens vegvesen reknar med å få kolonnekøyringa for bussar og tunge kjørety gjennom tunnelen frå og med fredag 23. august.

Planen er å avvikle to kolonnar for bussar mellom 07-21. Tidspunkta er enno ikkje bestemt. Mellom 21-07 vil det bli opna for kolonnekøyring etter behov, då også for tunge køyrety (over 7,5 tonn).

Innformasjon henta frå Vegvesenet sine heimesider