A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Hugs innbyggarkartlegginga

bedrekommune

Har du fått spørjeskjema i posten?

Me treng svarprosent på minst 40 for at me skal kunne bruke resultatet i vidare arbeid. 

1138 innbyggjarar i aldersgruppa 18 og oppover har fått tilsendt spørjeskjema. Det utgjer ca 50 % av husstandane, ein representant frå kvar av desse husstandene har fått skjema. 

Har du ikkje fått skjema - og lurer på kven som har fått?

Me brukar Kommunenes sentralforbund sin standard for innbyggjarundersøking. Dei har også utarbeida retningslinjer for korleis ei slik undersøking skal gjennomførast. 
Uttrekket av deltakarar til undersøkinga er gjort av firmaet Evry og dei har avtale med Skattedirektoratet om å kunne ta ut opplysningar frå folkeregisteret. 

Ordførar og rådmann har tidlegare i haust, gjennom Sogn Avis og Porten.no, informert om at det skal gjennomførast ei innbyggjarkartlegging i Årdal.

Oppmodar alle som har motteke skjema om å sende inn svar.  Undersøkinga er anonym.

Tips ein ven Skriv ut