A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

HPV-vaksine til unge kvinner 2016-2018

Alle kvinne fødd 1991 og seinare får frå hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mor humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit to-årig vaksinasjonsprogram. Programmet tek til i november 2016. Vaksina vert tilrådd unge kvinner for å førebyggja livmorhalskreft og forstadie til livmorhalskreft grunna HPV-infeksjon.

HPV-infeksjon er den mest vanlege seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuellt aktive blir smitta i løpet av livet, flest i ung alder. Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men nokre får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft og 65 – 100 døyr av sjukdommen. Vaksinen kan gi beskyttelse sjølv om ein har debutert seksuellt.

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7.klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 kan uvaksinerte kvinner født 1991 og seinare få tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet er midlertidig og varer i to år frå november 2016. Vaksinasjonen består av tre dosar gitt i løpet av 6-12 månader og den fyrste vaksina må settast innan desember 2018.

Kvinner som ynskjer vaksine i Årdal tek kontakt med Årdal helsestasjon for timebestilling på telefon 46936631/ 95222051/ 97563271/48894902.

Meir informasjon om HPV og HPV-vaksine:
Folkehelseinstituttet si nettside: www.fhi.no/hpv-vaksine

Tips ein ven Skriv ut