A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Høyring - utbygging av breiband

indreofredal

Årdal kommune vil søkja om statleg tilskot til utbygging av breiband i kommunen. Me vil i 2018 søkja om tilskot for Indre Ofredal.

 

Eit av krava til søknaden, er at planen for utbygging skal vera lagt ut til offentleg høyring. 
Verksemder og innbyggjarar som ønskjer å uttala seg til høyringa, må gjera dette innan 2. mai 2018.

Kommunen arbeider for at innbyggjarane skal ha eit godt og stabilt tilbod om digital kommunikasjon både gjennom fast- og mobilnett. Det er bygd ut i store deler av kommunen.

For å betra situasjonen, vil Årdal kommune søkje om finansiering til å byggja ut høghastigheits breiband i område som i dag manglar eit tilfredsstillande tilbod. 

Indre Ofredal har ingen dekning pr i dag på mobil eller data.

Me gjer merksam på at tilskotsordninga ikkje opnar for å søkja støtte til område som alt har tilbod om 30 Mbit/s nedstraums kapasitet eller meir, og heller ikkje der det er planlagt utbygging av slik kapasitet.

I samband med søknaden vil me invitera verksemder og innbyggjarar til å koma med innspel i forhold til utbyggingsplanen til kommunen.

Fristen for høyringa er 2. mai 2018. Innspel kan sendast på e-post til postmottak@ardal.kommune.no og merkast "høyringsuttale breibandsutbygging".

Tips ein ven Skriv ut