A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Høyring: planendring for Nytt Tyin kraftverk - søknad om endring

Norsk Hydro har sendt søknad til NVE, Norges Vassdrags- og energidirektorat, om endring av manøvreringsrelgement for Holsbruvatn.

Søknaden  skal handsamast etter reglane i  vassdragsreguleringslova § 6.
Det som skal vurderast no er om det kan gjevast løyve til at vasstanden i Holsbruvatn vert heva med 0,5 m i forhold til i dag.

NVE presiserer at sjølve utbyggingssaka er endeleg avgjort. Holsbruvatn vil i alle høve verte inntaksmagasin for fortsett drift i gamle Tyin kraftverk, eller Holsbru kraftverk som det vert kalla.

Søknaden er tilgjengeleg på NVE sin internettside: www.nve.no/Vannkraft. De kan få ein papirversjon av søknaden ved å kontakte Knut Solnørdal på e-post: Knut.Solnordal@hydro.com eller tlf. 22 53 93 76. 
Søknaden vert elles kunngjort av NVE i lokale aviser.

Det ligg to eksemplar av søknaden  ute til offentleg gjennomsyn på biblioteket i Øvre Årdal og Tenestetorget, rådhuset Årdalstangen fram til 30. september 2011. Det eine eksemplaret kan lånast ut for kortare tid (2- 3 dagar).
 
Fråsegner skal sendast, gjeme via intemett www.nve.no/Vannkraft, til nve@nve.no eller i brev til NVE­ Konsesjonsavdelinga, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo, så snart som mogeleg og seinast 30. september 2011.
Tips ein ven Skriv ut