A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Høyring - oppstart av namnesak

Oppstart av namnesak 2018/357- Austanbotn/Austanbotnen, Skarbotnen/Skardbotnen (botn), Fleskedalen (dal) m.fl.

Kartverket har etter § 6 i Lov om stadnamn oppretta namnesak for ein del fjellnamn som ligg  heilt eller delvis Årdal kommune og ber kommunen legge namna ut på høyring. Høyringsfrist er sett til 16. februar.

Fullstendig oversikt på kva namn det gjeld finn du på Tenestetorget på rådhuset og Årdal bibliotek.
 
Kommunen hentar inn og samordnar høyringsfråsegnene, og sender dette til Stadnamntenesta på Vestlandet. Stadnamntenesta gir tilråding til Kartverket som har vedtaksmynde.

Fråsegna skal sendast til Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen eller på epost til postmottak@ardal.kommune.no innan 16. februar.

Oppstart av namnesak 2018357 – Bergaskreda mfl. i Luster kommune med vedlegg

Oppstart av namnesak 2018357 del 2 – Slingsbytinden mfl. i Luster kommune

Tips ein ven Skriv ut