Høyring namnesak - Knipenborg/Raudbergsnuten

Kartverket har etter § 5 i Lov om stadnamn oppretta namnesak i Årdal kommune og ber kommunen legge det ut på høyring.


Høyringsfrist 9. mai 2016.


Kartverket har reist namnesak for naturnamnet:
Knipenborg (same som Raudbergsnuten)

Brev frå Kartverket for namnesak 2015/5

Lokale organisasjonar og andre har rett til å uttale seg om skrivemåten av namn som dei har særleg tilknyting til. 

Kommunen hentar inn og samordnar høyringssvar og sender dette til Stadnamntenesta på Vestlandet. Stadnamntenesta gir tilråding til Kartverket som har vedtaksmynde.

Fråsegna må vere kommunen i hende 9. mai 2016 og skal sendast til:
Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen eller på epost til postmottak@ardal.kommune.no.

 

Tips ein ven Skriv ut