Historie

Planen for den "nye" Tangen skule vart vedteken i Årdal skulestyre den 30.06 1952 og i kommunestyret 20 månader seinare.
Tangen skule anno 1955
Kjelde: Årdal Sogelag

Sjølve bygginga tok til i 1953. Det fyrste byggesteget omfatta:

14 vanlege klasserom, naturfagsal, sløydsal, lærarrom, kontor og materialrom. Tangen skule fekk løyve frå Kyrkje - og Undervisningsdepartemenet til å ta med eit rom for skulekjøken i det fyrste byggesteget. Denne delen av skulen har seinare gått under namnet byggesteg 1, og skulen vart opna 17. januar 1955.

Det andre byggesteget stod ferdig og vart teke i bruk hausten 1967. I tillegg til ein romsleg gymnastikksal med scene, garderobar og eige kjøken vart det bygt symjehall, musikksal, bibliotek og eit par klasserom til. På same tide fekk underetasjen i det fyrste byggesteget spesialrom for tre- og metallarbeid, tekstilforming og foto. Idrettslaget fekk bygd inn garderobeanlegg i den nye skulefløyen. (Denne delen har seinare gått under namnet byggesteg 2)

I 1975 starta ein opp med det tredje byggesteget ved skulen. Bygget stod ferdig i 1979 og inneheld klasserom i tillegg til lokale for administrasjonen. (Byggesteg 3).

Byggesteg 1 vart totalrenovert i perioden 2003 - 2004 og framstår som eit svært moderne skulebygg. Skuleplassen er oppgradert og vi har fått Tangen skule- og fritidspark som ein del av uteområdet vårt.

Tangen skule vart bygd i industrireisinga på 50-talet, første byggesteget i 1955. Innføring av ungdomsskule på Årdalstangen auka elevtalet, slik at byggesteg 2, kroppsøvingsavdeling, stod klart i 1968. Og siste delen vart påbygd i 1978.

Eldste delen av skulen er totalt ombygd og ferdigstillt hausten 2004. Samstundes er Tangen skule- og fritidspark innvigd og opna av dåverande miljøvernministar Knut Arild Hareide.

Rektorar ved skulen har vore:

  • Hermann Håvik
  • Olav Hæreid
  • Leif Slinde
  • Martin Volle
  • Gunnar Heide
  • Steinar Grimstad
  • Oddvin Håbrekke
  • Steinar Jevnaker
  • Jan Kåre Stedje (noverande)
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Powered by CustomPublish AS