A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Helsestasjon for ungdom

Har du spørsmål om helsa di eller treng nokon å snakke med så kan du ta kontakt med helsesøster på skulen din eller på Helsestasjon for ungdom.

Ope kvar tysdag kl. 12 – 15.30 i helsehuset

Helsesøster kan gje deg råd og rettleiing om; Prevensjon, Graviditet, seksuellt overførbare infeksjonar, etevanskar, søvn, trivsel, slanking, uro, rus og anna du er oppteken av.
På helsestasjon for ungdom kan du få:

  • Resept på prevensjon
  • Kondomar
  • Graviditetstest
  • Nødprevensjon/angrepille
  • Testa om du har seksuellt overførbare sjukdomar
  • Time til skulelege, fysioterapeut


Helsesøster er tilstades på skulane desse dagane:
Årdal vidaregåande skule: Onsdagar og Torsdagar
Farnes skule, ungdomssteg: Onsdagar
Farnes skule, barnesteg: Tysdagar og Torsdagar
Tangen skule: Mandagar og Fredagar

Ta kontakt med oss direkte på skule eller helsestasjon for ungdom, eller ring/sms oss på tlf: 97 56 32 71 eller 46 93 66 31

Tilbodet er gratis og du treng ikkje timebestilling!

VELKOMEN

Tips ein ven Skriv ut