A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Helsehuset sommaren 2016

Me har fått klager på lang ventetid for blodprøvetaking som det ikkje er timebestilling til, og at  det kan vere lang ventetid for å komme gjennom på telefonen.

Me har fokus på at legetenesta skal vere forsvarleg, då kan  det dessverre oppstå situasjonar som må prioriterast framfor andre, noko som igjen kan føre til nedprioritering og lenger ventetid for andre pasientar. Dette opplevest nok som dårleg service for dei pasientane som må vente.

Me beklagar sjølvsagt dette og prøver så langt råd er å unngå lang venting. Kontoret har ferieavvikling og redusert kapasitet både for hjelpepersonell og fastlegar, me ber om forståing for at det periodevis kan verte lenger venting enn ønskjeleg.

Dersom de er i ein akutt situasjon må de ringe legevakt 116117 eller nødnummer 113.

 

Rigmor Svanberg
Kommunalsjef

 

Tips ein ven Skriv ut