A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Helsefagarb. / hjelpepl. / oms.arb. - Eldreomsorg

Søknadsfrist 04.06.2018

Ledig stilling

Me har ledig
Heimesjukepleien sone 1 og 2, Øvre Årdal:
1 x 98% fast frå snarast
1 x 30% fast frå snarast
1x 52,12 % vikariat frå snarast tom november 2018, kan bli forlenga.
I desse stillingane må ein jobbe både i utesona og inne på Åbo.

Årdal sjukeheim / heimesjukepleien sone 3:
1 x 100% vikariat frå 13.07.18 til ca. 31.08.19
Stillinga er på ein kombinert avdeling, der ein både er inne på avdelinga og ute i heimesjukepleien.

Seimsdal sjukeheim:
1 x 60% frå 01.06.18 tom 31.12.18

I alle stillingane er det turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus.

I stillingane i heimesjukepleien må den som vert tilsett ha sertifikat og kunne køyre bil i allslags ver / føreforhold.

Dersom det blir intern tilsetjing kan det bli ledig andre stillingsprosenter, skriv i søknaden om du eventuelt vil vurderast i desse.

Kvalifikasjonskrav
Autorisasjon som helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar

Personlege eigenskapar
Den som vert tilsett må like variasjon i arbeidet, og kunne arbeide godt sjølvstendig og i saman med andre.
Vere fleksibel og systematisk.

Løn og tilsettingsvilkår
Stillinga er løna etter stillingskode 7076/7513 med for tida lønsplassering frå kr. 333.300,- til kr. 401.200,-
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Må kunne beherske norsk både munnleg og skriftleg.
Politiattest vil verte krevd.

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Søknadsfrist 04.06.2018 Utlyst dato 15.05.2018 Vårref 946

Kontaktperson
Hilda Nese, Leiar for institusjonar, mobil: 94815663, hne@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut