Heimesjukepleie

Føremålet med tenesta:
Heimesjukepleia har som mål at pasientane våre skal bu i eigen lengst mogeleg.

Kven får tenesta:
Heimesjukepleieteneste er ei pleie- og omsorgsteneste som vert ytt i heimen til brukar. Målgruppa er menneske som på grunn av funksjonssvikt, funksjonshemmingar og/eller sjukdom ikkje klarar å ivareta pleie- og omsorgsbehova på eiga hand.
 
Korleis få tenesta
Tenestetorget/kommunehjørna har søknadsskjema. Ein kan også få søknadsskjema ved Årdal sjukeheim og Årdal bu – og omsorgssenter. Søknadsskjema er lagt ut på internett.
Søknad skal sendast på eige skjema. Alle søknader vert vurdert med eit heimebesøk.
 
Kva kan du få hjelp til:
Omsorgstenestene vil tilpasse hjelp- og tenesteyting ut frå den einskilde pasient sine ynskjer og behov. Det bør klargjerast kva hjelp dei pårørande kan yte, og kva tenester omsorgstenestene skal bidra med.
Heimesjukepleieteneste vert gjeve til brukar som har:
Akutt funksjonssvikt
Kronisk funksjonssvikt
Psykisk funksjonssvikt
Sjukdom
Funksjonshemming
Omsorg ved livets slutt
Andre årsaker
 
Heimesjukepleietenesta kan i samarbeide med ergoterapeut vere hjelpsam med å finne fram til ulike hjelpemiddel som kan legge til rette for at brukaren får oppretthalde og/eller auke sitt sjølvhjelpsnivå i heimen. Heimesjukepleietenesta kan, i samarbeide med behandlande lege, utføre sårstell, administrering av medisinar, blodprøvetaking, kontroll av blodsukker og blodtrykk.
 
Forpliktingar for brukar
Brukar må sjølv betala for medisin, elastiske bind og strømper
Pleie og omsorgstenesta er i utgangspunktet ansvarleg for bandasjemateriell. Unntak for dette gjeld når bandasjemateriell vert godtgjort frå folketrygda. Brukar bør ved oppstart av behandlinga ta kontakt med trygdekontoret for å avklare eventuell refusjon. Pleie- og omsorgstenesta held hanskar, munnbind og anna utstyr for dei tilsette.
Medverke til eit forsvarleg arbeidsmiljø for dei tilsette.
 
Kva kan eg forvente av dei tilsette:
At eg blir møtt på ein respektfull og høfleg måte
At dei held teieplikta si
At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast
 
Pris/kostnad/tilskotsordningar
Heimesjukepleia er gratis.
 
Heimelsgrunnlag for tenesta
Lov om helsetjenesten i kommunene (nr. 66, 1982) §1-3, jf. §2-1
Sosialtenestelova
Forvaltningslova
 
Når ting ikkje fungerer
Dersom du ikkje får den tenesta du har krav på i følgje vedtaket, kan du ta kontakt med leiar for heimesjukepleia, tlf. 57 66 50 81.
 
Klage
Finn du grunn til å klage på vedtaket, ta kontakt med leiar for heimesjukpleia tlf. 57 66 50 81.
Her får du råd og rettleiing.
 
Brosjyrar, anna/meir informasjon
Du kan finna informasjon på Årdal kommune si heimeside.
 
Praktiske opplysningar
Leiar Heimesjukepleia:tlf. 57 66 50 81
Avdelingssjukepleiar, Sone 1 (ÅBO):tlf. 57 66 54 44
Avdelingssjukepleiar, Sone 2 (Øvre Årdal):tlf. 57 66 53 51
Avdelingssjukepleiar, Sone 3 (Årdalstangen):tlf. 57 66 52 56

Kontakt oss

Sentralbordet Rådhuset
Telefon 57 66 50 00
Fax 57 66 50 15

Sentralbordet Rådhuset
Opningstider:
1. sept - 9. mai kl. 07.30 - 15.30
Sommartid:
10. mai - 31. aug kl. 07.30 - 15.00

Besøksadresse:
Statsråd Evensensveg 4
6885 Årdalstangen

Postadresse:
Årdal kommune
Postboks 40
6881 Årdalstangen
Epost

Organisasjonsnummer
954679721

Web levert av CustomPublish AS