A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Tenesteskildring

Heimehjelp

Føremål med tenesta
Gi menneske som på grunn av alder, sjukdom og/eller funksjonshemming praktisk hjelp for å kunne bu i heimen sin. 
 
Kven får tenesta
Personar som ikkje kan dra omsorg for seg sjølv, eller som er heilt avhengig av praktisk eller personleg bistand i dagleglivet for at dei skal kunne fortsette å bu heime.
 
Korleis få tenesta
Ved å søke på eige søknadsskjema som du får ved å vende deg til: Tenestetorget, Årdal bu- og omsorgssenter eller på heimesida til Årdal kommune.
Tenesta kan ein søke på etter behov.
Alle søknader vert vurdert etter heimebesøk.
 
Kva  omfattar tenesta
Praktisk bistand og opplæring i heimen.
 
Du kan få hjelp til
Golvvask, støvsuging, støvtørking, sengeskift, glaspuss, klesvask, hjelp til innkjøp, tillaging av måltid/middagsoppvarming. Ærend i post, bank eller anna offentleg kontor kan gjevast etter avtale dersom det ikkje let seg løyse på andre måtar.
 
Forpliktingar for brukar
For å få innvilga heimehjelp må det finnast utstyr i heimen slik at heimehjelparen skal få utføra arbeidet sitt på ein mest mogeleg effektiv måte: støvsugar, langkost/mopp, klutar, nal, miljøvennleg reinhaldsmiddel og vaskemaskin.
 
Kva kan eg forvente av dei tilsette
At eg blir møtt med respekt
At dei held teieplikta si
At eg får hjelp til det som er spesifisert i vedtaket.
 
Pris/kostnad/tilskotsordningar
Det er eigenbetaling på praktisk bistand (heimehjelp) etter fastsette satsar vedteke av kommunestyret. 
 
Heimelsgrunnlag for tenesta
Lov om sosiale tenester §§4-3 og 4-2a
 
Når ting ikkje fungerer
Dersom du opplever at du ikkje får den tenesta du har krav på i følgje vedtaket, kan du ta det opp direkte med heimehjelpa eller venda deg til heimehjelpskontoret på tlf. 905 37 711.
 
Klage
Finn du grunn til å klaga på vedtaket, ta kontakt med  heimehjelpstenesta på
tlf. 905 37 711. Her får du råd og rettleiing.
 
Brosjyrar, anna/meir informasjon
Du kan finna informasjon på Årdal kommune si heimeside.
 
Praktiske opplysningar
Åpningstider heimehjelpskontoret: Mandag - Fredag frå kl. 0730 - 1530.
Heimehjelpsformidlar tlf. 905 37 711