Haugane barnehage

Barnehagen opna 1. november 1995 i eit spennande arkitektteikna hus og med ein godt tilpassa leikeplass.
Haugane barnehage
Haugane barnehage


Eit godt læringsmiljø:

  • er eit inspirerande miljø som motiverer for ulike erfaringar, basert på barna sine eigne interesser og eige ståstad
  • gir høve til prøving, feiling og meistring
  • legg vekt på kvalitet i samspelet mellom mennesker, der dei vaksne til einkvar tid har ansvaret for kvaliteten i samspelet

Barne sin medverknad:
Vi legg vekt på å ta barna med i barnehagen sine avgjersler. Barn har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagen sin daglege drift. Barn skal få høve til aktiv planlegging og vurdering av barnehagen. Barna sine synspunkt skal tilleggast vekt i samsvar med barna sin alder og modning.

Korleis jobbar personalet med dette:
Barn sine kjenslemessige uttrykk skal bli tatt på alvor, dvs. at vi må tolke kroppsspråk og vere observante i høve til barna sine handlingar, estetiske uttrykk og etter kvart også deira verbale språk.

Barn sin rett til medverknad krev tid og rom for å lytte og samtale.


Kontaktinformasjon

Telefon 57 66 48 60
Fax 57 66 50 15

Styrar
Kirsti Eklund 

Besøksadresse:
Farnesvegen 58
6884 Øvre Årdal

Postadresse:
Årdal kommune
Postboks 40
6881 Årdalstangen
postmottak@ardal.kommune.no

Web levert av CustomPublish AS