Har du ikkje fått vaksinert deg, kan du få gjera det no
Me har no fått inn att litt influensavaksine
Dei som vil ha influensavaksine må ringa for å bestilla tid til vaksine.
Du kan bestilla time til vaksinasjon på desse telefonnummera:
- Mobil nr. 95 22 20 51
- Mobil nr. 46 93 66 31
- Mobil nr. 48 89 49 02
- Mobil nr. 96 94 79 63
- Mobil nr. 97 56 32 71
For å få vaksine må du:
• Vera frisk og utan symptom som forkjøling, feber, hovudverk
• Ringa og bestilla tid for vaksinasjon
• Komma til tildelt tid på helsehuset i Øvre, 2.etg
• Sprita hendene dine og ta på munnbind når du kjem til helsestasjonen
• Behalda munnbindet på til du har gått ut frå helsestasjonen
Personar i risikogruppa får framleis gratis vaksine. Andre må betale kr 250,-, anten må du ta med eksakt beløp eller du kan betale med kort.