A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Graving frå krysset Seimsdalsvegen og til Hæreidsvegen 18.

Frå den 7. mai og fram til 1. september. Lågspentlinjer og kablar for veglys skal leggast ned i bakken. I denne perioden vil det bli noko anleggstøy. Normal arbeidstid er frå kl. 07.15 til kl. 15.15. Årdal kommune oppmodar derfor at dei som blir berørte at dei vurderar å skifte vatn og avløpsleidningar. Dette må vera utført før den 1.juli.

Som ledd i Årdal Energi sin vedlikehalds/utskiftingsplan og Årdal kommune sin asfaltplan vil det den 7 mai sett i gang graving frå kryss Seimsdalsvegen/Hæreidsvegen og fram til Hæreidsvegen 7/18. Sjå nærare orientering om prosjektet nedanfor.

Prosjektstart og gjennomføring
Årdal kommune og Årdal Energi vil i lag med Fredheim Entreprenør, starte med å skifte eksisterande infrastruktur i Hæreidsvegen med tilhøyrande område frå den 7 mai og fram til 1 september.
Lågspentlinjer og kablar for veglys skal leggast ned i bakken. Veg blir oppretta før asfaltering.
I denne perioden vil det bli noko anleggstøy. Normal arbeidstid er frå kl. 07.15 til kl. 15.15.

Ferdsel i området i anleggstida
I anleggsperioden vil det ikkje vere tilrådeleg å ferdast med motorkøyretøy i området eller parkere bilar, då dette vil hindra fri ferdsel for anleggsmaskiner og anna utstyr. Ein vil derfor oppmode om at bebuarar ikkje ferdast med eller parkerar bilane i området i den perioden arbeidet varer.

Utkopling
Dersom det i løpet av anleggsperioden oppstår behov for mellombels å kople ut delar av nettet, vil dei abonnentar som vert råka av dette bli varsla særskilt eller gjennom media i rimeleg tid på førehand.

Om prosjektet
Grunnen til gjennomføringa av prosjektet er at Årdal Kommune skal legge ny asfalt.
Årdal Kommune oppmodar derfor at dei som blir berørte at dei vurderar å skifte vatn og avløpsleidningar. Dette må vera utført før den 1.juli
Årdal Energi ønskjer i samband med dette å fjerna eksisterande luftleidningsnett og legge alt i bakken. Dette inneber at dei som i dag har luftstrekk inn vil få kabel. Denne vil bli lagt opp etter husvegg og tilkopla eksisterande inntak.
Årdal Energi oppmodar derfor at dei som blir berørte, vurderar å skifte/oppgradera hovudinntaka sine i samband med denne omlegginga.
Når det er lagt ny asfalt, vil de ikkje bli tillate å grave i vegen på 10 år.

Kartutsnittet under syner kvar grøfter er planlagt. Grøfter og kabel er svart strekar.

Kart Hæreidsvegen.png

 

Tips ein ven Skriv ut