A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Gratis WiFi i Årdal

I 2017 etablerte EU ei støtteordning for utbygging av offentlege WiFi-soner i kommunane. Støtteordninga fekk namnet: WiFi4EU og inngår i EU sitt program Connecting Europe Facility.
Dette for å gje innbyggjarar og besøkande gratis internett med god kvalitet i områder som parkar, møteplassar, hamner, turistområder med meir.

Fyrste utlysing av midlar var i november 2018. Årdal kommune søkte, og fekk tildelt kr. 150.000,- i februar 2019. Deretter sende kommunen ut førespurnad om utbygging av Wifi-soner med tildelte EU midlar.  Leverandørar som ville vera med måtte registrera seg i EU sin søkjeportal, og stetta deira krav for utbygging.  Årdalsnett har vore utbyggjar. Kommunen må garantere drift i 3 år.
 
Gratis Wifi er no tilgjengeleg her:
- Torgområdet på Årdalstangen (frå Rådhuset, ned mot kai området og Meieriparken)
- Torgområdet i Øvre Årdal (frå Sporten/Kafeen, ned til parkeringsplass Bunnpris)
- Tangenhallen (kafe og hallen)
- Årdalshallen (hallen og inngangsparti)
- Parkeringsplassen på Hjelle
 
Nettverka er ferdig installert, sjekka og godkjend av WiFi4EU prosjektet. Det er fiber fram til sendeutstyret.  
 
I nærleiken av netta vil de snart sjå følgjande skilt:
Gratis WIFI.png
 
Etter kvart håpar vi å få på plass ladebenkar drive av solenergi i nærleiken av noko av nettverka.