A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Gratis bading for 0-5 år i friluftsbada

Friluftsbad Øvre Årdal

Det er i dag bestemt at born i aldersgruppa 0-5 år har gratis inngang i friluftsbada. Born frå 6 år og oppover må betale.
Grunna smittevernstiltak og oversikt vil dei fortsatt få billett, men denne vert det sett kryss på for å vise at det ikkje er betalt. 

I tillegg vil me av sikkerheitsgrunnar, smittevernstiltak, uro for naboane og sjansen for at anlegget vert øydelelagt - be om at det vert respektert at det IKKJE er lov å bruke friluftsbada utanom opningstida. Ulovleg bruk vil verte politianmeldt.

Me håper de kan nyte det fine sommarværet i dei flotte badeanlegga våre denne sommaren. Føl smitteverntiltaka som er sett i verk og ta omsyn til kvarandre.

Sklia i bassenget i Øvre ventar fortsatt på godkjenning og er me heldige så kjem den i løpet av nokon veker.