A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Godt kinobesøk på kinoopninga

  • 1
  • 2
  • 3

Torsdag 19. januar opna kinoen på Tangen att etter at den har vore stengd sidan 2008.
Årdalstangen Musikklag underheldt med filmmusikk og kulturskulen opptredde med fin dans.
Ordføraren klypte snora og da var det berre til å sette seg godt til rette i stolane og sjå "Barnepiken" for dei 120 inviterte gjestene.

Den nye kinosalen er flott - gode seter og ikkje minst lyd og bilete gjer at me får ei stor filmoppleving.
Det er plass til 169 personar og på alle filmane var nesten alle seta opptekne.

Fredagen var det premiere på Warg Veum "de døde har det godt". Det var omtrent fullt på begge førestillingane.

Laurdag vart det synt 4 gratis filmar. To forestillingar med "Ole Brumm", "Twilight - braking dawn" og "The Girl with the Dragon Tatoo". Nesten fulle hus var det på alle framsyningane.

Også søndag var det godt oppmøte da "Barnepiken" var vist for ålmenta. "Løvenes Konge" i 3D var veldig populær, der var alle billettane utselde.

 

Tips ein ven Skriv ut