A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Gjev ikkje dispensasjon frå hotell til asylmottak

Formannskapet har i dag handsama søknad om bruksendring og dispensasjon frå reguleringsplan for Sitla hotell.

Arkitektkontoret Erling Haugen har, på vegne av Sitla Hotell AS, søkt om bruksendring og mellombels dispensasjon frå gjeldande reguleringsplan for hotellet; Reguleringsplan for Riksveg 53 - Veesletta.
Det vert søkt om dispensasjon for å nytte hotellet som asylmottak for mottak av flyktingar.

Tiltakshavar ynskjer å etablere eit mellombels asylmottak ved hotellet der inntil 60 personar skal bu medan søknaden om opphald i landet vert handsama.

Formannskapet vedtok samrøystes at;

1. Bygning og uteområde vert vurdert til ikkje å vere optimalt i høve det å etablere eit asylmottak.
2. Det vert ikkje gjeve dispensasjon frå hotell til asylmottak.

Tips ein ven Skriv ut