Fysioterapi

Fyisoterapi
Illustrasjonsfoto

Fysioterapi inngår som ein del av kommunen si helseteneste jmf lov om kommunale helse- og omsorgstenester.

Hovedoppgåvene til fysioterapeutane er:
•    Helsefremmande og førebyggande arbeid
•    Undersøkje, vurdere og behandle individuelt og i grupper.
•    Habilitering og rehabilitering
•    Rettleiing, rådgjeving og undervisning av ulik art og for ulike målgrupper.
Fysioterapitenesta i Årdal kommune består av to kommunale fysioterapeutar, samt turnuskandidat, og fire privatpraktiserande fysioterapeutar med driftsavtale med kommunen.

Kommunal fysioterapi er delt i to ansvarsområde:
-    Fysioterapi for born og unge opp til 18 år samt gravide og barselkvinner. Tenesta tilbyr i tillegg firemånaderskontroll av babyar, barselinformasjon og motorisk kartlegging av alle 1. klassingar.

-    Fysioterapi for vaksne har ansvar for pasientar med samansette behov og tverrfagleg oppfølging, som er inneliggande på institusjon, som treng behandling i heimen eller har behov for lymfødembehandling. Tenesta driv i tillegg førebyggande gruppeaktivitetar for vaksne/eldre i kommunen.

Det er eigenandel på fysioterapi for alle over 16 år, med unntak av godkjent yrkesskade og dei som er på institusjon.

Privatpraktiserande fysioterapeutar
Dei privatpraktiserande fysioterapeutane er alle lokaliserte i Øvre Årdal. Dei har ansvar for personar med behov for fysioterapi ut over dei kommunale ansvarsområda.

Frå 01.01.18 kan ein ta direkte kontakt med fysioterapeut utan henvisning frå lege.
 

Oversikt over alle fysioterapeutane

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut
Powered by CustomPublish AS