A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Fylkesveg 301 Rallaren - Hjelle

Sidan arbeidsomfanget har auka noko har entreprenøren fått forlenga arbeidsperioden sin på fv. 301 Rallaren - Hjelle.


Entreprenøren ser for seg at arbeidet blir ferdigstillt den 21.oktober.

 

Når dei sikrar vegen på det smalaste partiet vil det bli stengt i inntil ein time som før, med opning kvar heile time. Og med opning for rutegåande køyretøy.

 

Entreprenøren har sidan sist prøvd å få trafikken til å flyte best mogleg, noko som har kome alle til gode.

I tida framover vil det bli endå meir flyt i trafikken, og når dei set opp issikringsnettet vil dei etter beste evne prøve å halde ei køyrebane open.

Tips ein ven Skriv ut