A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

FV53 Årdalstangen - Fodnes

info_256x244

Siste statusmelding frå Statens Vegvesen er at det er forventa opning ved FV53 Finnsåstunellen søndag 14. januar kl. 17.00.
Skyssbåten mellom Årdalstangen og Fodnes vil gå etter oppsett rutetid fram til vegen opnar. Dette gjeld òg bussrutene som er tilpassa båten.
Årdal kommune opprettheld legevakt i Årdal fram til måndag 15. januar om morgon. 

Vert vegen opna som planlagt på søndag, så er det sett opp bussruter som er tilpassa opningstidene på vegen. 

Ber om at alle reisande held seg oppdatert på rutetider for båt og buss på kringom.no og trafikkinformasjon på Statens Vegvesen sine sider. 

Telefonnummer legevakt 116 117

Tips ein ven Skriv ut