A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Fv. 53 Ljoteli - Vegstenging på dagtid til 23. okt

ljoteli vegstenging.JPG

Fv. 53 forbi Ljoteli i Årdal kommune blir stengt på dagtid frå 28. september til og med 23. oktober i periodar på inntil to timar grunna arbeid med stikkrenner og kabelgrøfter. 
 
Vegen blir stengt ved Temrebakkane og Holsbru mellom kl. 07.00-19.05
 
Ope for trafikk: 

- Kvar kveld og natt kl. 19.05-07.00
- Ope kvar søndag frå kl.19 laurdag til kl. 07 mandag. 
- Bussar i rutetrafikk blir sloppe gjennom: frå Øvre Årdal kl. 09.20 og 16.55, frå Tyin kl. 15.05. 
 
Opningstider dagtid Årdal-sida: 
Kl. 09.00-09.30
Kl. 11.30-11.45
Kl. 13.15-13.30
Kl. 15.30-16.00
Kl. 17.00-17.30
 
Opningstider dagtid Holsbru-sida: 
kl. 09.05-09.30
Kl. 11.35-11.45
Kl. 13.20-13.30
Kl. 15.35-16.00
Kl. 17.05-17.30
 
Vestland fylkeskommune bygger tunnel på strekninga Ljoteli i Årdal kommune, for å sikre trafikantar mot skred og nedfall av is og stein. 
Det var gjennomslag i tunnelen 4. juli i år, og ein reknar med å opne den nye tunnelen og tilhøyrande veg hausten 2021. 
Skredsikringsprosjektet er eit omfattande prosjekt. No er tida komen for arbeid med stikkrenner og kabelgrøfter, og det er naudsynt å stenge vegen i periodar for å få arbeidet gjort. 


Vestland fylkeskommune.jpg