A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Fv 301 Rallaren - Hjelle

Stenging av vegen

Etter eit opphald i arbeidet med fjellsikring på fv. 301 Rallaren - Hjelle tek arbeidet no til att.

Entreprenøren kjem med kran på staden tysdag 28. september etter klokka 12.00.

Arbeid som gjennstår er skjeringsreinsk og bolting av området nærmast industriområdet i Utladalen, samt montering av issikringsnett i området der det i dag er issikringsnett frå før.
Arbeidet totalt er rekna til å ta om lag to veker.

Når me arbeidar med skjeringane i området nærmast industriområdet vil trafikken bli avvikla på same måte som me gjorde under førre periode med ein times stenging i gangen.
Dette er sidan kranen tek store delar av vegbana, og den må flyttast før me slepp på trafikken.

Stengingstider blir som fylgjande:

Måndag -onsdag 07.00 - 18.00, stengt i inntil ein time med opning kvar heile time.
Torsdag 07.00 - 15.00, stengt i inntil ein time med opning kvar heile time.


Det er mogleg å hengje seg på rutegåande trafikk.
Resten av veka er det ope for trafikk.
 

Tips ein ven Skriv ut