A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Frykt og jubel i Jotunheimen

Sigri Sandberg på bibliotekturne i Indre Sogn

Første veka etter nyttår får mange av biblioteka i Indre Sogn besøk av Sigri Sandberg som i haust kom med boka «Frykt og jubel i Jotunheimen. Forteljingar om folk og fjell.»

I boka møter vi folk og fjell vest i Jotunheimen. Boka fortel historier frå eit av Noreg sine vakraste og farlegaste fjellområde. Det er denne verda Sandberg vil formidle på denne turnéen. Ho ville vite kva som hadde skjedd, kven som har levd i, av og med desse fjella. Ho går langt attende i fjellhistoria og finn reinjegerar, mytiske jotnekvinner, budeier og ei av Noreg sine fremste klatrarar mot slutten av 1800-talet, Therese Bertheau. Men Sandberg fortel ikkje berre gamle historier i boka. Ho har sjølv vore med moderne fjellfolk på tur og skriv om sine eigne opplevingar óg.

Sandberg vart kjent med fjelldronninga på Turtagrø, Astri Drægni, som ho òg har dedisert boka til på denne måten: «til Astri D., den raude tråden».

Sigri Sandberg er journalist og forfattar og har skrive fleire bøker mellom anna i samarbeid med Cecilie Skog.

Bibliotekturnéen startar i Balestrand tysdag etter nyttår og held fram i Vik onsdag, Sogndal torsdag, Årdal og Leikanger fredag og avsluttar i Luster laurdag. Sandberg vil vise bilete og fortelje.

Tips ein ven Skriv ut