A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Frisklivsentral

Årdal frisklivssentral er eit kommunalt helsetilbod som tilbyr hjelp til å endre levevanar. Frisklivssentralen kan hjelpe og støtte personar som ynskjer å endre levevanar og førebyggje livsstilssjukdommar. 

friskliv
Ein treng ikkje å ha ein diagnose eller vere sjuk for å delta på frisklivssentralen.
 
Frisklivssentralen tilbyr individuell rettleiing, motivasjonssamtalar og gruppetilbod innan fysisk aktivitet, kosthald og røykjeslutt. 
 
Vi vil motivere og hjelpe deg på vegen mot betre fysisk form, auka sjølvopplevd helse og betre livskvalitet.
 
Kven kan delta på frisklivssentralen?
Personar i yrkesaktiv alder som har auka risiko for, eller alt har sjukdommar eller lidingar, som kan ha helsemessig nytte av auka fysisk aktivietet, endra kosthald og/eller røykjeslutt. 
 
Lege, anna helsepersonell eller NAV kan tilvise deltakarar til frisklivssentralen, men ein kan og ta kontakt på eige initiativ. Ein frisklivsresept varar i 6 månadar. Deltakar får tilbod om tiltak i regi av frisklivssentralen og/eller allereie eksisterande tilbod i kommunen. Det er ingen eigendel for deltaking hjå frisklivssentralen. 
 
Ynskjer du å gjere endringar i livsstilen din som kan gje deg ei betre helse?
 
Då er du hjarteleg velkomen til Årdal frisklivssentral.
 
” Jeg ville først ikke være med på dette da jeg fikk resepten av legen. Nå skjønner jeg at det er det beste som har skjedd meg”, deltakar på frisklivssentralen.
 
Ønskjer du meir informasjon eller har spørsmål om Årdal frisklivssentral? Ta gjerne kontakt med oss.
Telefon: 902 16 589
 
Besøksadresse:
Frisklivssentralen, Helsehuset
6884 Øvre Årdal