A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Helse og omsorg/Helse/Frisklivsentral

Frisklivssentralen

Frisklivsentral

friskliv.jpg

 

 

 

Årdal frisklivssentral er eit kommunalt helsetilbod som tilbyr hjelp til å endre levevanar. Frisklivssentralen kan hjelpe og støtte personar som ynskjer å endre levevanar og førebyggje livsstilssjukdommar. 

Årdal Frisklivssentral er eit kommunalt lavterskel tilbod for deg som ynskjer hjelp og støtte til å endre dine levevaner og førebyggje sjukdom.
 
Frisklivssentralen tilbyr individuell rettleiing, samtaler og gruppetilbod innan fysisk aktivitet, kosthald og røykeslutt. Ein frisklivsresept varar i 6 månader. Det er ingen eigenandel ved deltaking hjå frisklivssentralen.
 
Kven kan delta: 
Personar i yrkesaktiv alder som har auka risiko for, eller alt har sjukdommar eller lidingar, som kan ha helsemessig nytte av auka fysisk aktivitet, endra kosthald og/eller røykeslutt. 
Ein treng ikkje vere sjuk eller ha ei diagnose for å delta på Frisklivssentralen.
Lege, anna helsepersonell eller NAV kan tilvise deltakarar til Frisklivssentralen, eller ein kan ta kontakt på eige initiativ. 

Vi vil motivere og hjelpe deg på vegen mot betre fysisk form, auka sjølvopplevd helse og betre livskvalitet. 

Ynskjer du meir informasjon eller har spørsmål så ta gjerne kontakt med oss.
Telefon: 902 16 689 
E-post: frisklivssentralen@ardal.kommune.no
Facebook: Vi har eiga sida på facebook, med informasjon. Søk opp Årdal Frisklivssentral og lik sida. 

Besøksadresse:
Frisklivssentralen, Helsehuset
Jotunvegen 2
6884 Øvre Årdal