A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Friluftslivsveka i Sogn og Fjordane

Breitt program

Friluftslivsveka 2018 vert større enn nokon gong, med fleire enn 1100 arrangement over heile landet. Berre i Sogn og Fjordane kan ein velje mellom over 40 organiserte aktivitetar i perioden 1.-9. september.

Friluftslivsveka 2018 opnar med den nasjonale sova-ute-aksjonen #nattinaturen. I fjor sov nærare 100.000 personar ute den fyrste laurdagskvelden i september.

- Eg vil oppmoda alle som har høve til å sova ei natt ute - å sovne medan ein ser på nattehimmelen gjer godt for sjela, seier fylkeskoordinator i Forum for natur og friluftsliv (FNF) i Sogn og Fjordane, Elisabeth Dahle, og understrekar at sova-ute-aksjonen går føre seg der ein sjølv vil. Konseptet er meint å vera enkelt, og det er eit glimrande høve for foreldre til å ta med borna på teltovernatting for fyrste gong. 

- Gjer det på eiga vis, du kan sova ute på verandaen, sette opp telt i hagen, i skogen, på fjellet, ligge i hengekøye med eller utan duk over hovudet, eller vere med på eit arrangement i regi av eit lokallag, seier Dahle.

Veks for kvart år
Friluftslivsveka har vore ein tradisjon kvar haust sidan 1993, og veks for kvart år, i takt med at friluftslivsinteressa i Noreg aukar.

I den nasjonale aktivitetskalenderen for Friluftslivsveka kan ein finne det som skjer i sitt fylke, og kven som arrangerer. Fleire enn 1100 arrangement er registrert i kalenderen – noko som er ny rekord.

I Sogn og Fjordane går fleire enn 40 arrangement og turar av stabelen i Friluftslivsveka. Alt frå fellestur frå Veitastrondi til Fjærland med Årdal Turlag, sopptur for heile familien i Sogndal – Kaupanger området med Barnas Turlag Sogndal, sopptur i Førde, fellestur til Mosekleivhornet på Stadthalvøya med Ytre Nordfjord Turlag, introduksjonsjakt hjort med NJFF på Vårsetra i Nordfjordeid, til open dag på Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn, med rebus og ulike aktivitetar som passer for heile familien.

Foto - Paulina Cervenka.jpg Foto - Synne Kvam.jpg

- Det er gledeleg at Friluftslivsveka blir meir populær for kvart år og at fylket vårt kan visa til så mange, varierte arrangement. Veka er meint som ein invitasjon til det norske friluftslivet og den flotte naturen vår, og vi håpar at dette er ei feiring folk set stor pris på, seier fylkeskoordinatoren i FNF Sogn og Fjordane.

For alle
Friluftslivsveka opnar med sova-ute-aksjonen #nattinaturen laurdag 1. september, medan det søndag 2. september er Kom-deg-ut-dagen og Friluftslivets dag på ei rekke stader i landet. Veka vert avslutta mellom anna med Teltjakta søndag 9. september.

Det er Norsk Friluftsliv, paraplyorganisasjonen for 17 norske friluftslivsorganisasjonar, som står bak den landsdekkande feiringa. Men arrangementa og aktivitetane som går føre seg over heile landet, er i regi av ei rekke ulike organisasjonar, friluftsråd, lokale lag og foreiningar, kommunar og privatpersonar.

Fakta om Friluftslivsveka 2018:

- Vert arrangert over heile landet 1.-9. september

- Veka opnar med sova-ute-aksjonen #nattinaturen laurdag 1. september

- Paraplyorganisasjonen Norsk Friluftsliv og deira 17 medlemsorganisasjonar står bak feiringa

- På www.friluftslivetsuke.no finn ein fleire enn 1100 arrangement, fordelt på fylke og datoar

Tips ein ven Skriv ut