A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Friluftsbada i Årdal - sommaren 2020

Friluftsbad Årdalstangen

Korona-pandemien har lenge gjort det usikkert om friluftsbada i Årdal kunne opnast i 2020.
Trass i uvissa, har Årdal kommune arbeidd med å klargjera begge våre friluftsbad for bruk i sommar. 

Det er no opna opp for drift av friluftsbada, men fare for smitte og smittespreiing gjer organiseringa og drifta av friluftsbada noko annleis enn tidlegare. Det er mellom anna krav til smitteverntiltak i anlegga og begrensning i tal besøkande i anlegga.

Informasjons- og smitteverntiltak
Smittevern er viktig. Det vert gjennomført informasjonstiltak og fysiske tiltak som td utvida reinhald i friluftsbada for å redusere risikoen for smittespreiing. Alle besøkande vert bedne om å lesa informasjonen som er sett opp og retta seg etter denne.
 
Me er heilt avhengige av at dei besøkande rettar seg etter gjeldande smittevernreglar og generelle smittevernråd som avstand, handhygiene mm. Dersom dette ikkje skjer kan me risikera at tillete besøkstal vert redusert eller at friluftsbada vert stengde.
 
Opning 19. juni - begge friluftsbada
Avvikande opningstider denne dagen:
Øvre Årdal - kl. 13:00
Årdalstangen - kl. 12:00
 
Opningstider resten av sommaren 2020
Øvre Årdal 1130-1900 Kvar dag
Årdalstangen 1200-1800 Kvar dag
 
Billettsal
Grunna situasjonen ber me om, at alle, som har anledning til det, betalar med bankkort i dei berøringsfrie betalingsterminalane. (Vanleg bankkort – ikkje kredittkort).
 
Det kan og betalast kontant. Dei som ønskjer å betala med kontantar må følgja billettseljarane sine instruksjonar. Reingjer hendene umiddelbart etter at de har vore i berøring med kontantar. Handdesinfeksjon er plassert ut ved billettsalet – bruk den !
 
Billettprisar
Alle besøkande skal løyse billett i friluftsbadet sommaren 2020.
Billettpris born: kr. 40,-
Billetpris vaksen: kr. 80,-
 
Dei som har klyppekort i oransje/grøn plast kan nytta desse til dei er brukte opp. Nye klyppekort vert ikkje selde i friluftsbada. På same måte kan dei som har årskort nytta desse. Nye årskort vert heller ikkje selde i friluftsbada.
 
Tal besøkjande 
Øvre Årdal 200 personar
Årdalstangen 150 personar
 
Talet på besøkjande vert justert opp dersom det seinare vert gjeve løyve til det.
 
For at flest mogleg skal få sjansen til å nytta friluftsbada ber me om at, besøkande som forlet anlegg og ikkje skal koma attende same dagen, leverer inn kvitteringsbilletten sin når dei går. Dette vil gje oss muligheit til å kunne ta i mot nye besøkande.
 
Vass-sklier
Det er montert 2 nye vass-sklier i friluftsbadet i Øvre Årdal. Grunna korona-pandemien vart skliene levert 3 veker seinare enn opprinneleg avtalt og difor ikkje godkjende for bruk når friluftsbadet opnar. Årdal kommune gjer det me kan for å få skliene godkjende så snart som råd og håpar at me kan ta dei i bruk om ikkje lenge. Foreløpig kan dei dessverre ikkje nyttast.