Årdal Kommune har 2 friluftsbad
Friluftsbada har alltid vore viktige for kommunen sine innbyggjarar og tilreisande. Årdal kommune har bl.a. vore arrangør av NM i symjing. Begge friluftsbada held ein temperatur på ca. 28 grader, og er oppvarma med spillvarme frå Hydro Aluminium as, og er opne heile sommaren.
Øvre Årdal
I Øvre Årdal er det lagt til rette med eit 50 x 25-meters basseng,samt 2 mindre plaskebasseng for born. Anlegget inneheld også 2 sklier, kiosk, garderobeanlegg og større grøntareale for leikeaktivitetar. Anlegget ligg i sentrum av Øvre Årdal i tilknyting til idretts – og folkeparken. Vatnet kjem frå Hydro Aluminium, og er oppvarma til om lag 28 grader. Rundt bassenga er det eit stort grøntanlegg, og anlegget ligg i tilknytning til idrettsparken med gode parkeringsmoglegheiter.
Opningstida er kl. 13.00 - 19.00 kvar dag.
Årdalstangen
Anlegget på Årdalstangen inneheld eit 25 meters basseng m/ stupetårn og 2 mindre plaskebasseng for born, garderobeanlegg og med nærleik til kiosk/butikk. Anlegget ligg i sentrum av Årdalstangen i eit område med grøntareale.
Opningstida er kl. 12.00 - 18.00 kvar dag.