A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Framlegg til kommunal planstrategi 2020-2023

Årdal kommune har utarbeida framlegg til kommunal planstrategi for planperioden 2020-2023. Utkastet ligg no offentleg til kommunestyret skal handsame framlegget i møte 19. november.

Kvart fjerde år, og innan eitt år etter at eit nytt kommunestyre er valt, skal kommunen utarbeide ein planstrategi. I praksis betyr det at kommunen må gå igjennom alle sentrale planar som er gjeldande og vurdere kva nye plan- og utgreiingsbehov kommunen har. Planstrategien viser kva planar kommunen har behov for og vil prioritere i perioden.

Utkast til planstrategi, skal etter reglane i Plan- og bygningslova § 10-1, vere offentleg tilgjengeleg i 30 dagar, før endeleg godkjenning i kommunestyret.

Formannskapet handsama framlegget i Fsak 127/20 i møte 22. oktober og gjorde fylgjande vedtak:

  1. Planstrategi 2021-2023, datert 15.10.20, vert framlegg til endeleg planstrategi for Årdal kommune.
  2. Planstrategien vert gjort offentleg fram til kommunestyret sin endelege handsaming 19.11.2020.

Kommunestyret skal handsame framlegget til planstrategi i møte 19. november 2020.

Utkast til planstrategi for Årdal kommune 2020-2023