Telefon 57 66 51 18
Fax 57 66 50 15
Kontaktperson
Trude Johnsgaard
Besøksadresse:
Rådhuset
Statsråd Evensensveg 4
6885 Årdalstangen
Postadresse:
Årdal kommune
Postboks 40
6881 Årdalstangen
postmottak@ardal.kommune.no
For å få frådelt ei tomt, må grunneigar først søke kommunen om frådeling. Søknad skal fremjast på eige skjema som du får av kommunen, eller dei kan hentast ned frå nettet.
Nødvendig kart/oversiktskart som viser kva ein ynskjer frådelt. Marker arealet med farge.
”Gjenpart av nabovarsel”, delingssøknaden og nødvendig kartgrunnlag skal leverast samla til kommunen. Dei same skjema skal brukast ved grensejustering/tilleggsareal.
Grunnkart, reguleringskart og eigedomskart kan de få ved å henvenda dykk til Årdal kommune. De kan og få tilgang til kart ved å gå inn på www.sognekart.no.
Der kan ein ved hjelp av enkle menyer zoome seg ned til detaljert kartnivå.
Det er eigar av eigedom (heimelshavar) som skal underteikna aktuelle søknadspapir.
Delingssaker blir handsama etter Plan- og bygningslova/Matrikkellova/Jordlova og i samsvar med overordna gjeldande reguleringsplan/kommuneplan. Det kan søkjast om dispensasjon i dei tilfelle der søknaden i utgangspunktet strir mot gjeldande overordna planar.
Er søknaden i samsvar med gjeldende overordna planer og lovverk, vil det normalt vere frå 1 til 3 mnd. saksbehandlingstid. Dersom saka er meir kompleks og strir mot overordna planar og lovverk, må ein rekna med ei lenger saksbehandlingstid.
Oppmåling av tomt skjer normalt i samband med at det blir halde kart- og delingsforretning, der eigar av eigedomen og naboar som grensar til, vert innkalla.
NB! Det er ventetid på oppmålingssaker
Søknad om frådeling av tomt, grensejustering / makebyte m.m. sender du til:
Årdal kommune
Postboks 40
6881 Årdalstangen
Publisert: måndag 20. september 2010, 10:32
Oppdatert: torsdag 15. desember 2011, 13:02
Telefon 57 66 51 18
Fax 57 66 50 15
Kontaktperson
Trude Johnsgaard
Besøksadresse:
Rådhuset
Statsråd Evensensveg 4
6885 Årdalstangen
Postadresse:
Årdal kommune
Postboks 40
6881 Årdalstangen
postmottak@ardal.kommune.no
